`
Stjernerom
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

KATTNAKKEN - Vinterregndress Insekt Orange Love

Art.nr: 1013
999,-
-+
På lager: 7

Ny og endå betre utgåve av vår populære vinterdress!
Regndress med ekstra tjukt vinter-fôr. Dressen er laga i mjuk kvalitet (PU) - lett å bevege seg i. Foret er av vatt, som gjer at den tørker fort om ein vrenger den etter vask. Dressen er utstyrt med slitesterke fotstrikkar, god namnelapp, refleksar på ermer og bein, sveisa saumar og sikkerhetshette som er både avtagbar og regulerbar.
Den er slitesterk og er heilt vanntett, så lenge du ikkje brukar den som ein dykkerdrakt.
Perfekt for kalde dagar med øs pøs regnvêr og ikkje minst slaps og tullesnø!
Vannsøyle på 30 000 mm.

Dressen er god i størrelsen, så mål barnet sin høgde og vel den størrelsen som ligg nærast! Det er ikkje behageleg for barnet å bruke for store klede, då mistar dei sin bevegelsesfrihet når dei er ute og leikar og plagget blir slitt feil.

 

Vis at du elskar meg!

Ta godt vare på meg med riktig vask og vedlikehald, så vil eg vare lenge!

Regntøy

Regntøy vaskast på 40 grader fin/yttertøyvask med flytande vaskemiddel. Ikkje bruk ullvaskemiddel på yttertøy, hugs å slå av sentrifugen så vil plagget holde seg fint lenge. Sentrifugering vil ikkje ha nokon effekt på denne typen stoff, forutan at det vil øydelegge vanntettheten i lengda. Etter vask; vreng det, heng det opp og la det drypptørke. Eit regntøy treng ikkje bli vaska kvar dag, du kjem også langt ved å tørke over med ein våt klut.
Ikkje bruk tøymjuknar!

Om plagget er vått etter leik ute, er det viktig å henge det opp til tørk på ein luftig stad. PU-stoff vert øydelagt om det ligg vått samanbretta, tildømes i ein pose over tid. Har du bretta opp ermene ute i regnet, er det viktig å brette dei nedatt, så ermene får lufttørke.

Om du skal være uheldig å miste ein knapp kan du kontakte oss og vi sender deg ein ny!
Vi har ikkje lenge ekstra knapper i plagga våre, då ein sjeldan finn dei når ein treng dei. Slik sparer vi miljøet for mange unødige knappar.
Lause fotstrikkar får du også kjøpt i nettbutikken.

Kunder kjøpte også

Trykk Enter for å søke eller Esc for å lukke